ANMELDELSER breathless

Published on May 20th, 2016 | by Eiliv Konglevoll

Breathless – eit band verd å bli kjend med

Breathless er av dei mindre kjende gruppene frå 80-­talet. Vokalisten Dominic Appleton var med på 4AD­-prosjektet This Mortal Coil, som kom ut med tre plater.

Tekst: Eiliv Konglevoll
Foto: Hentet fra Last.fm

Debutalbumet The Glass Bead Game (1986) er litt uferdig, men variert, og god lyttemusikk. Til dels ganske heftig, stemma til Appleton er ofte i bakgrunnen (med unntak av låten “Money Talk”). Stilen har vore stempla som postpunk, romantic og goth.

Three Times And Waving (1987) er ikkje det store framsteget, same stil og litt “vanskelege” låtar innimellom. “Let’s Make A Night Of It” er meir stemningsfull enn debuten.

På Chasing Promises (1989) tek det meir av, med tilgjengelege og rolegare låtar der vokalen til Appleton får større plass, som på “Moment By Moment”. Og ikkje minst på den magiske “Ageless” (kun med på CD).

Siste plate i denne omgang er Between Happiness And Heartache (1991) ­ – ein passande tittel ­ – og her kjem stemma endå betre fram. Særleg fin er Only Ones-­låten “Flowers Die” og den meir fengande “I Never Know Where You Are”.

Så vart det stille, unnateke den ganske gode samlinga Heartburst i 1994.

I 1999 kom eit uventa comeback med dobbeltalbumet Blue Moon (omlegging til meir ambient space rock). Andre CD-en inneheld berre to låtar, “Moonstone 1 + 2”, femti minutt med dronemusikk. Finast på CD 1 er kanskje “No Answered Prayers” og “Magic Lamp” som hevdar seg bra samanlikna med det meir kjente bandet Spacemen 3.

Dette synest eg er deira beste album og det med lite vokal frå Appleton. Lite minnar om debuten i 1984.

Behind The Light som kom ut i 2003 har er eit meir romantisk uttrykk – stemma til Appleton får mykje meir plass. Verd å nemna er den heftige “And So The Dream Goes On”.

Green To Blue frå 2012 dominerer meir rett­fram romantisk rock, og svært lite er att av det opprinnelege. “Please Be Happy” har litt av den gamle magien.

Det finst ein dobbel samle­-CD frå 2002 (som Allmusic og Discogs ikkje har fått med seg), Moment By Moment, der er spor frå This Mortal Coil pluss “Moonstone 3” med tretten minutt drone­rock. Kanskje den er uoffisiell?

Sjølv oppdaga eg gruppa gjennom video med den pop-­prega “Don’t Just Disappear”, litt utypisk Breathless, men låten viser spennvidda til bandet.

Breathless har ofte vore samanlikna med The Cure, Joy Division og Chameleons, kanskje urettferdig, dei står på eigne bein og har laga mykje spennande musikk. Kan vera litt av ein jobb å utforska, men det finst mykje bra på Youtube, som live­videoane frå ein konsert i Torino i 2014.


About the Author



Back to Top ↑