ANMELDELSER Lead Photo press shot. Kerry Brown

Published on September 26th, 2016 | by bergenbibliotek

Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree

Nick Cave er tilbake med eit urovekkande mørkt meisterverk.

Tekst: Trine Dale
Foto: Kerry Brown

9. september gav Nick Cave & The Bad Seeds ut sitt 16. studioalbum, Skeleton Tree. I forbindelse med albumsleppet blei dokumentarfilmen One more time with feeling vist verda over, ein film som manglar sidestykke innanfor sjangeren. Den er velregissert og usedvanleg godt klipt, og filmen viser innspelinga og ferdigstillinga av albumet. Det har resultert i eit unikt innblikk i den kreative prosessen, og ikkje minst i eit sterkt møte med ein prega artist som prøver å finne ein veg ut av mørket. I fjor sommar mista Nick Cave ein av sine tvillingsøner, 15 år gamle Arthur, i ei fallulukke.

Filmen er gjennomtrengande vakker og trist, men tidvis også humoristisk. Vi får innblikk i det herlege forholdet mellom Cave og makkeren Warren Ellis. For dei som kjenner Nick Cave & The Bad Seeds frå før, høyrer ein raskt at dette ikkje liknar noko dei har gitt ut tidlegare. Med dette albumet har Cave og co. klart å lage kunst av eit personleg traume. Albumet er roleg og nedstrippa – søkinga etter meining i det meiningslause er påtakeleg. Tekstane er akkurat passe subtile og balanserer stødig mellom litterær distanse og det personlege, og dette er ein styrke for albumet.

You fell from the sky
Crash landed in a field
Near the river Adur
Flowers spring from the ground
Lambs burst from the wombs of their mothers
In a hole beneath the bridge
She convalesced, she fashioned masks of twigs and clay
You cried beneath the dripping trees
Ghost song lodged in the throat of a mermaid

Slik opnar Cave plata, og det første verset i singelen Jesus Alone set stemninga for resten av albumet, noko faretruande og trist er i vente. Samtidig får eg allereie her stadfesta at Nick Cave framleis er ein eksepsjonelt god låtskrivar. Han har ein språkteft utan like og malar fram lyriske perler som er så visuelle at han får dei fleste samtidspoetar til å falme.

Girl in Amber er eit anna høgdepunkt: I starten kan ein kjenne på Twin Peaks-mystikken, så leverer Cave nok ein solid tekst, akkompagnert av nydeleg koring som ligg som eit stemningsteppe gjennom heile låten.

“All the fine winds gone / And this sweet world is so much older”, i låten Anthroscene er vokalen suggerande og frenetisk, den ligg messande oppå eit elektronisk bakteppe der Warren Ellis truleg har fått friare tøyler. Songen I need you skil seg frå resten av albumet. Slik har eg aldri høyrt Nick Cave før, så sårbar, trengande og ekte. Det bikkar heldigvis ikkje over i ein klisjé, og den nærast gråtkvalte songen er i staden hjarteskjerande vakker.

I Distant Sky kan ein skimte håp i soprankoringa, men Cave ulmar i skumringa:

“They told us our gods would outlive us / They told us our dreams would outlive us
/They told us our gods would outlive us/ But they lied”

clapperboard lightedit

Både i filmen og musikken er Cave søkande og undrande: ”When did you become an object of pity?”, spør han i filmen. Det er nok ikkje medkjensle frå verda Cave ønskjer å få med dette albumet, men det er derimot umogleg å ikkje føle med han. I tittelsporet Skeleton Tree avsluttar plata med konklusjonen “Nothing is for free”. Det har Cave smerteleg fått erfare, og ut av dette har det kome eit album som er urovekkande mørkt, samtidig som ein kan skimte eit håp i avslutninga: “And it’s all right now”. Musikalsk har Nick Cave & The Bad Seeds gitt ut betre album, men det er truleg intendert: Her er musikken heller stemningsskapande og fungerer som eit bakteppe for Cave sitt tekstunivers. Albumet har ei rå og intens stemning, solide tekstar og ein naken vokal full av nerve som får kome heilt opp til overflata. Det er summen av alt dette som har gjort Skeleton Tree til eit solid og heilskapleg album som aldri vil gå i gløymeboka – verken for meg eller andre som vågar seg inn i mørket.

Tags: , , ,


About the Author



Back to Top ↑